Spiller du folkemusikk eller jazz og har du lyst til å spille sammen med andre på tvers av disse sjangre? Er du mellom 17 og 25 år? Bli med på Samspillseminaret da vel!
"Seminaret vil ha ei praktisk tilnærming: me skal spele mest muleg i saman!
Men kva skal me spele når me har ulikt referansemateriale?
Det kan vera ein god ide å starte lære ein slått og ein jazzlåt for å få eit lite innblikk i korleis materialet i dei ulike sjangrane er bygd opp. Men det viktigaste vil vera å lage eit samspelsformat som gjer at alle musikarane kan nå inn til sitt eige musikalske reservoar og hente musikalske idear derifrå. Og det så fort som muleg.
Etter å ha leika med samspelsrollar og styrte oppgåver i ensembleundervisninga både på jazzlinja ved NTNU og folkemusikkutdanninga ved NMH, vil eg bruke dette som eit metodisk grep for å komme fort inn i samspelet: Setje saman små grupper og gi dei konkrete arbeidsinstruksar/rollefordeling. Dei som ikkje spelar er med og lyttar og kommenterer etterpå. Så skiftar me til nye grupper osb.
Dette er konkrete oppgåver som skal gi musikantane ei merksemd på konkrete ting dei skal jobbe med, som å leie an eller følgje etter, slik at merksemda vert retta inn mot musikken og ikkje mot kva forventing ein sjølv eller andre har til omgrep som improvisasjon, jazz, slått. Metoden skal ta vare på forskjellane som ligg i dei ulike tradisjonane, gå i djupna på det musikalske språket, men også vise sjangeruavhengigheit i sjølve det musikalske utforskingsarbeidet.
Dette vil vera ein type utforsking og ei undervisning som granskar den musikalske prosessen meir enn den legg vekt på resultatet, sjølv om det også vil vera viktig på sikt." – Njål Ølnes
17-10-2025 | Kulturhuset Banken
Seminaret er gratis. Det går på dagtid og varer i ca. 4-5 timer. Nærmere beskjed om tidspunkt kommer.
Vi forventer at noen musikere fra JazzIncubator er med på kurset. DølaJazz betaler reise med offentlig transport. Begrenset antall plasser.
Påmelding innen 03-10-2025, ved å fylle ut skjemaet nedenfor. Vi gir deg beskjed om du har blitt med på kurset kort tid etter søknadsfristen 3. oktober.
Den informasjonen du oppgir i dette skjemaet vil utelukkende bli brukt til årets Samspillseminar. Når du sender inn skjemaet, gir du oss tillatelse til å lagre og bruke kontaktinformasjonen din for å lette kommunikasjonen.
Bilder: Ukjent